Hopp til hovedinnhold

Gaz-Zuds

Denne sommaren har vi fått ei ny uteleike på leikebutikken. Gaz-Zuds heiter den, og er ei skummaskin. Den ser ekstremt artig ut på reklama, og eg må innrømme at eg var litt skeptisk og ganske klar til å bli skuffa då eg tok med meg leiken heim. Den kunne då umogeleg lage så mykje skum!?

Trykk her for å sjå Gaz-Zuds-reklame frå Youtube

Men det kunne den! Det er ikkje mykje av Gaz-Zuds-vatnet ein treng for å lage store mengdar skum.

Gaz-Zuds er heilt klårt ei uteleike, for slikt vil ein ikkje ha i hus. Dersom ein får skummet på golvet, blir det svært glatt. Det fine er at skummet ikkje set flekkar verken på golv eller på kle, dersom det skulle kome skum på det. Her i huset blei den både testa inne og på kle, og verken hus eller tøy har fått varige mein.

Her testar eg maskina i hagen min

Her testar eg maskina i hagen min

Gaz-Zudsen passar til barn frå fire år og oppover, og finnest i forskjellige størrelsar. Den minste er ei blåsemaskin, medan dei større trykker ut skummet sjølv, og går på batteri. Batteri kan ein kjøpe på leikebutikken.

Prisen går frå 89,90 kroner for den minste av Gaz-Zudsane til 329 kroner for den største, og innimellom dei to finnest det fleire størrelsar. Dessutan er det forskjellige tilbod på maskinene, så den største kan du akkurat no få for 229 kroner! Meir informasjon om prisane finn du her.

Gaz-Zudsen er ei utvikling frå såpeboblemaskinene som vi har hatt eit par år, og skummet varar lenger, er våtare og kan leikast meir med. Eg garanterar mykje lått og mange smil dersom ein har denne leiken, og den er artig både for han på 5, ho på 9 og meg på 24. Kos dykk!

, , ,

Ingen kommentarer enda.

Legg igjen en kommentar